Klippfisk og Bakalao

Hei

Det har gått ei stund, utan at eg har skreve noko som helst her. Det er mykje nytt i mitt liv og eg øver meg på nynorsk, for å utvikla språket mitt. Denne helga fann eg ut kva klippfisk var og korleis bakalao smakar. Sjølvsagt var det her i Ålesund og Molde og eg var veldig heldig med været. Heldig var eg med sol, men desse soldagene fortalte at det var blitt haust på Vestlandet. Eg hadde ikkje verket lue eller hansker, men verda var vakker og varm ifra bilen.

I Ålesund har eg ein favorittplass, med kaffe og kjeks kan eg sitta og kikka på folk. Eg synes at da er veldig spennande: nokon går i kåpe, andre er i sandalar og shorts. Livet kjennes ikkje så hektisk der, som om nokon har satt alt på pause og slått på regn.

Sist gang skreiv eg at eg var ingen ekspert på terreng og geologi. Kan ikkje sei eg er ein ekspert på fisk heller. Det som eg tok med meg denna gangen var at ein kan ikkje laga tørrfisk på Vestlandet, her regnar det for mykje. Derfor lagar ein klippfisk i staden for, som vert salta og tørka innomhus. Ein kan aldri bli utlært, synes eg. Det viktigaste er å huska på at me først og fremst lære for våres egen del. På denne måten kan me sette oss eit mål, ein plan eller å velge ein veg i livet.

Uansett av kva som kjem til å skje, så likar eg Vestlandet best og klippfisk er noko som eg kjem til å savna, men ein må lære seg å legge eit kapittel bak seg.

Hilsen Brutus

Leiden, Nl (Notater)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.